torsdag 22. august 2013

Om blogging og bloggaren sjølv


Mitt namn er Kjersti, eg er 25 år og masterstudent. Frå før har eg bachelor i Nordisk språk og litteratur, religion breiddefag og eit årsstudium i historie. Planen har alltid vore å bli lektor i den vidaregåande skulen, sjølv om eg ennå ikkje har fått prøvd meg.

Mitt forhold til blogging var nærmast ikkje-eksisterande fram til våren 2013 og bacheloroppgåva. Eg hadde bare høyrd om eit fåtal og aldri lese nokon av dei. Tanken på å skriva min eigen blogg var ikkje bare skremmande, men totalt fråverande. Når det gjaldt oppgåva var valet mellom språk og litteratur enkelt. Valet mellom tre onder innanfor litteraturfaget var det ikkje. Da det sto mellom sjølvframstilling, historie eller intertekstualitet valde eg under tvil sjølvframstilling. Eg hadde framleis ikkje funne nokon problemstilling da vårsemesteret byrja, men kom ikkje bort frå tanken om at moderne sjølvframstilling fyrst og fremst synast i sosiale og digitale media. Personlege bloggar og sosiale medium er moderne verktøy for sjølvframstilling, eller sjølvrepresentasjon. Dei er marknadsføring. Image.   
Statusoppdateringar på Facebook, filtrerte bilete på Instagram og nøye formulerte tweetar synar ein redigert utgåve av oss sjølv. Arne Melberg definerar moderne sjølvframstilling som ein veksling mellom konstruksjon og rekonstruksjon. Ein konstruerar ein eigen bloggidentitet som meir eller mindre samsvarar med eins verkelege identitet, men som er eit resultat av ein taktisk balansegang mellom det reelle og det fiktive, mellom konstruksjon og røyndom, mellom det ein skriv og det ein tiar stilt om.
Eg valde å ta utgangspunkt i sjølvframstilling i bloggar generelt og i Linnéa Myhre sin blogg spesielt. Bloggen hennar ”Alt du vet er feil” var ei av dei få bloggane eg hadde høyrd om frå før. Myhre hadde også nylig skreve ein sjølvbiografisk roman; Evig søndag. Skilnadane mellom sjølvframstillinga i bloggformat og romanformat blei problemstillinga mi. Myhre representerar på mange måtar spenningen mellom ønsket om å bli sett og ønsket om å sjå andre. Vi lar oss fascinera av Den Andre sitt liv. Tenåringsjenter som Linnéa Myhre oppnår kjendisstatus fordi dei skriv og legg ut bilete av seg sjølv. Men bloggeksplosjonen har ikkje bare gjort rosabloggere rike, den har også skapt ein utvilsam resonans i samfunnet. Sjangeren blir respektert i fag- og forskingsmiljø og referert til i media.   

Når eg las at eit av krava i dette faget var å opprette ein blogg fekk eg hjarta i halsen. Ikkje bare fordi eg er teknologisk vanskelegstilt, men fordi blogging handlar om å skriva om ein sjølv. Og ikkje bare å skriva om ein sjølv til ein sjølv, men om ein sjølv til andre. Til det store, skremmande internettet, til eit kommentarfelt.  Sjølv om dette er ein fagleg blogg og ikkje ein utprega personleg ein, tar ein utgangspunkt i seg sjølv, sine eigne tankar og si eiga forståing når ein bloggar. Ikkje minst i denne introduksjonen. Ein blogg vil alltid vere polert og konstruert. Ein vil veia orda ein skriv og prøva å tilpassa både dei og ein sjølve den akademiske diskursen bloggen er ein del av. På den andre sida er bloggsjangeren meir munnleg og umiddelbar enn ein fagtekst, så det er vel bare å hoppa i det.

For å vere ærleg har eg ikkje tenkt så mykje på masteroppgåva, anna enn ”skjerpings Kjersti, dette er andre bollar!”. Eg synast framleis sjølvframstilling er veldig interessant og særleg den ein finn i bloggar og i sosiale medium. Eg har aldri vore særleg aktiv på desse arenaene sjølv, men det vanvittige eksponeringsbehovet ein finn på nettet er fascinerande. Og ikkje minst resultatet av det. Den populariteten og sosiale resonansen desse media har i dag er med å forandre måten vi kommuniserar og uttrykkar oss på og skapa nye skriftkulturar.


Tvungen blogging ja, men eg treng ein dytt.

1 kommentar:

  1. Veldig bra, eg synest andre bollar-motivasjonen er heilt strålande å ta med seg inn i masterarbeidet. Morosamt at du har skrive om dette før, og det hadde vore interessant å lese om dette òg (mange interessante bacheloroppgåver i denne forsamlinga).

    SvarSlett