onsdag 9. oktober 2013

Med ein åttandeklassing på øyret



I ein ungdomsskuleklasse i Rogaland har bøkene blitt bytta ut med ipadar, og i denne samanhengen vart elevane introdusert og instruert i det å så vanskelege omgrepet literacy. Literacy handlar fyrst og fremst om aktivitet, og det var desse aktivitetane eg og mine medstudentar fekk i oppdrag å analysera. Oppdraget til elevane var å skriva ein logg over alle literacy-aktivitetane sine i løpet av ein dag. Aktivitet er eit viktig nøkkelord i forsøket på å definera literacy. Da snakkar ein om aktivitetar der ein skapar meining med og i tekstar gjennom skrift, men også om korleis desse aktivitetane verkar inn på måten ein tenkjar og på korleis samfunnet er organisert. I eit breiare perspektiv omfattar literacy emna til tolking, forståing og kommunikasjon. Det er snakk om kompetanse, om å meistra ulike sosiale aktivitetar knyta til skrift og tekst. Da snakkar ein om ulike literacies. Ulike literacies krev ulik kompetanse, ulike ord og setningar, ulike roller. Det er nødvendigvis ikkje kva ein snakkar om, men korleis ein snakkar om det på, som forandrar seg idet situasjonen, eller konteksten, blir ein annan. Ein snakkar på ein heilt annan måte med kjærasten sin enn med sjefen, men ein snakkar gjerne om andre ting og på ein annan måte med sjefen om ein møtar han på sydenferie eller på julebordet. Eit blogginnlegg stillar andre krav til uttrykksmåte og syntaks enn det akademiske essayet. Literacy handlar derfor fyrst og fremst om å meistra vandringa frå ein literacy til ein annan og møta krava desse stillar.


Guten Roksana og eg intervjua på telefon hadde skreve ein presis, men kortfatta logg der mesteparten av aktiviteten føregjekk om morgonen. I løpet av ein dryg time fekk han sett nyheiter, oppdatert appar, svart på snapar og øvd til spanskprøve. Vi fann fort ut at intervjumetoden på telefon var utfordrande, og såg i etterpåklokskapens lys at vi burde møtt han. Intervjuet gjekk likevel greitt, vi fekk svar på det vi lurte på, men han var kortfatta og det var til tidar vanskeleg å halda han i tale. Eit møte ville nok i større grad fordra ein samtale, ikkje bare eit intervju. Det er interessant i kor stor grad metodeval kan påverka gjennomføring og resultat, men vi fekk som sagt gode, om enn korte, svar.

Vidare la vi merke til at han brukte mye tid på snapchat, ein applikasjon der ein kommuniserar ved å senda bilete som mottkaren bare kan sjå i maks ti sekund og der den valfrie teksten er svært kort. Bileta blir automatisk sletta. Han brukte snapchat for å spørja ein venn om kvifor han ikkje var på skulen den dagen. Da tok han bare bilete av noko tilfeldig. Teksten var det viktigaste. Den viktigaste grunnen til at han valde denne måten å kommunisera på, framfor tradisjonelle tekstmeldingar, var fordi den er gratis. Og kanskje meir uforpliktande og tilbakelent? Kva bilete viste var ikkje så viktig. Avgjerande for valet av snapchat synast snarare å vera at kommunikasjonen som føregår her blir plassert i ein uformell og uforpliktande setting, idet biletet blir sletta. Det er jo også snakk om ein tidsavgrensing, mottakaren har bare ti sekundar på å tolka og forstå meldinga frå sendaren og avgjera korleis (og om) han skal svara. Appen skiljar seg slik frå Facebook og Instagram idet desse fordrar ein annan måte å kommunisera og dela tekst og bilete på. Aktiviteten på slike medium er meir kalkulert, ein tenkjar meir over kva ein legg ut fordi det blir liggjande ute. Snapchat stillar andre krav og krev ein annan type kompetanse, ein annan literacy, enn andre sosiale medium. Det var tydeleg at eleven meistra denne kommunikasjonsmetoden i større grad enn oss.

Prosjektet har vært interessant og utfordrande så langt og det blir spennande å sjå kva vi skal bruka funna til seinare. Her har eg bare fokusert på ein liten del av resultata og sparar resten til vidare skriving.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar